Me fekk brus, der alle drakk av same glas.
Hei, eg beklagar at det er veldig lenge sidan eg har skrive på bloggen. No har eg bestemt meg for å skrive oftare.
Det eg skulle fortelje i dag, var om meg og pappa. Me reiste på tur til Moho (uttalast Må-å). Det er ein liten by som ligg to timer frå Juliaca. Me var der nokre dagar. Då me var der, hadde eg bursdag. Eg fylte 12 år.
Eg og pappa besøkte 5 kyrkjer i alt. På kvar plass hadde pappa tale, og etter møta viste me kristne filmar på projektor på veggen.
I pausane før me så film, hadde me ein type mat som blei kalla fiambre. Folka kom fram med forskjellig mat, som poteter, bønner og anna. Dei la all maten ned på eit teppe på golvet. All maten var kald. Så forsynte alle seg av maten, dyppa den i nokon sausar og åt han. Kvar gong fekk me brus, der alle drakk av same glas. Det var litt ekkelt syntes eg.
Men det var og interessant å sjå korleis folka levde på landsbygda. Eg hadde ei topp veke med bare eg og pappa på tur.
Mvh. David
(Det er ikkje berre David sin skuld at det er lenge sidan han har skrive. Alf som jobbar i Superblink må óg ta skulden. Helsing Alf.)
Skrevet av David, 29.01.2010 11:33
stig-markus:
håper det var kjekt!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!
Skrevet av stig-markus, 27.05.2010 13:58 (2 år siden)
Brit Kari:
Gratulerer med overstått bursdag:):) Kjekt å høyra frå deg. Håpar du ikkje vart sjuk av å drikka brus av samme glas som alle andre.
Skrevet av Brit Kari, 11.02.2010 13:01 (2 år siden)