Stemmer det verkeleg at snøen er kvit? Kvifor ligg då ikke det kvite igjen på bakken når snøen har smelta? Kva er eigenleg snø?
Mange stader i landet har det kome mykje snø denne vinteren. Snø kan brukast til mange kjekke ting. Tenk, kor stusseleg det hadde vore med vinter-OL utan snø! Og snømannen, kva hadde det blitt av han?
Men tilbake til det med kva farge snøen har. Når eg er ute og går på ski, ser snøen verkeleg kvit ut. Men ikkje alle ting er slik dei ser ut til. Eit snøflak er sett saman av mange sekskanta iskrystallar. Ingen av dei er like. Sollyset består av mange fargar som til saman ser ut som kvitt lys. Når sollyset treff ei rein snøflate, blir det meste av lyset reflektert. Det reflekterte lyset er heilt likt det lyset som traff snøen, og derfor vil snøen framtre som kvit. Men eigenleg er han altså sett saman av massevis av gjennomsiktige krystallar.
Skrevet av Brit Kari Urdal, 26.02.2010 10:02
oda:
det visste eg ikkje!
Skrevet av oda, 26.02.2010 15:16 (5 måneder siden)
kri:
kult
Skrevet av kri, 26.02.2010 16:38 (5 måneder siden)
Ida:
Kult:-)
Skrevet av Ida, 13.03.2010 18:11 (5 måneder siden)
:
Skrevet av , 26.03.2010 06:29 (4 måneder siden)