Det er viktig å halda fartsgrensene, men denne fyren kan fort få problem.
Sjølv om han bere har to bein slik som oss, kan strutsen springa mykje fortare enn det me kan. Han kan faktisk komma opp i 70 km/t og kan derfor springa frå dei fleste. Grunnen til at denne store fuglen klarer å ta seg fram så fort, er at han har lange tær som er festa med elastiske senar, akkurat som om dei var festa med strikk. Derfor får han liksom eit ekstra puff når han sparkar i frå.
Visste du forresten at dette ikkje akkurat er ein småfugl? Han kan bli 2,5 meter høg og opptil 130 kilo. Du hadde nok merka det om du kræsja med han i full fart.
Kjelde: Nysgjerrigper.no
Skrevet av Brit Kari Urdal, 20.01.2012 14:46
Hanna:
Wow. vanskeleg å bli so sprek for oss!
Skrevet av Hanna, 21.01.2012 19:40 (1 måned siden)